Ei bok du må lese

I dag gjer eg noko før første gong. Eg har aldri skrive ei bokmelding, men i dag gjer eg det, og på min måte.

Boka handlar om oppveksten til ei jente i staten Idaho, USA. Boka kom ut i 2018 og gjekk rett inn på bestseljarlistene. Så langt eg veit, er ho no omsett til 26 språk og utropt som ei av beste bøkene det året av Time Magazine og Vogue.

Dette er ei oppvekst- og utviklingssoge langt ut om det vanlege. Jenta veks opp i ei mormonar familie. Faren førebur seg på dommedag og sikrar seg for dei siste dagane med diverse matvarer og drivstoff. Borna i familien vert haldne heime og får ei viss undervisning, sjølvsagt innanfor strenge rammer, men alt dette er underordna det arbeidet som går føre seg i heimen.

Hovudperson og forteljar, Sara Westover, er nådelaus i si skildring av eige og familien sitt liv. Mykje av det som hender er hjarteskjerande, dramatisk og sterkt. Det gjeld ikkje minst psyken til fleire av familemedlemane. Ho undrar sjølv på om faren har ei bipolar liding, men det er også andre som har  vanskar i kjensleliv og veremåte.

Det er flerire svært dramatiske hendingar i boka. Det er ikkje tillate å søkje hjelp hos helsevesenet og mora syter for tillaginga av diverse naturmedisin som vert brukt. Tara greier etterkvart å bryte ut og først som 17 åring set ho føtene i eit klasserom.

Eg fekk boka av borna mine i bursdagsgåve no i januar. Boka heiter «Noe tapt og noe vunnet.» Lat meg også leggje til: Detter er ikkje ei skildring av gamle dagar. Tara vart fødd i 1986.

 

 

1 kommentar

  1. Hei – no her eg lest boka som du omtala her. Eg kan også «skrive under på» at dette er ei gode bok. Svært ærlig skilting av sin oppvekst i særs vanskelige kår. Og ikkje minst, korleis ho kom seg ut og fekk lære og sjå verda.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.