Det er mørke «mennja», men lyset kjem sigande. I dag skal det bli lettare å vere ute, mindre regn og vind. Kanskje kappe litt ved? Det har vore for mykje inneliv. Kanskje drage i gang motorsaga? Men før det har eg teke til meg føde, lekamleg og åndeleg. Budd på å møte dagen. Sender tankar og bøner, ikkje minst for ho som må gå gjennom så mykje.
Eg ser mot aust, ventar på lyset.» Sjå dagen sprett i austerætt, han livet opp vil yngja»
Dette er fint, eg kosar meg når eg les refleksjonane dine. Eg høyrer stemma di og samtidig gir tekstane meg eit tydelegare av deg og din kvardag. Skriv meir!