Den vegen høna sparkar

Eg har alltid forstått det slik at det er ei negativt, pessimistisk utsegn at det går den vegen høna sparkar. Det går galne vegen.

I dag tenkjer eg på bygda mi. Her har mykje gått i feil retning, det går til atters.

Det som er tydelegast, er at skulen er i fare. Om eitt år vert skulen lagd ned dersom det ikkje skjer noko dramatisk. Her er det for lite barnefødslar. Det vert for dyrt for kommunen med ein skule med 20 elevar. No er det også eit spørsmål om kvar elevane då skal reise, Volda sentrum eller Grodås i Hornindal.

Etter at Hornindal vart ein del av Volda kommune no ved nyttår, vil Hornindal svært gjerne ha elevar her i frå, men dei fleste foreldra vil at elevane skal gå i Volda. Det har sjølvsagt med kvar foreldra har sin arbeidsplass.

I det som tidlegare var Austefjord skulekrins, er det no få arbeidsplassar. For 40-50 år sidan var dei fleste gardane i drift, no er nesten ingen drivne av dei som bur her. Tidlegare var her også arbeidsplassar utanom jordbruket, industri og ein mekanisk verkstad. Mange av innbyggarane er pensjonistar.

No må vi ikkje gløyme årsakene til at vi har fått denne utviklinga. Den viktigaste grunnen er kommunikasjonane. vi har fått ein fantastisk god veg til Volda med fleire tunnelar som har gjort vegen trygg for snøras og steinras. Så fekk vi ein 6,5km tunnel gjennom Kviven til Hornindal. Drifta av gardane er sjølvsagt ein grunn. Her er få sysselsette på gardane. Så langt vert grasareala slegne og gjerne rundballa og selde.

Vi må kanskje sjå i auga at det ikkje vert så mange fleire arbeidsplassar, men det må no vere attraktivt å bu her med all den flotte naturen. Folk har også flytta hit, men det har så langt vist lite att på barnetalet.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.