Tankar i tida

Alle tankane mine er i tida. Utanfor tida har eg ingen tankar, men eg har tankar om det som kan vere utanfor tida.

Vi har nett gått inn i eit nytt år og i går fylte eg år. Då var det mange som helsa meg, på sosiale media som det heiter. Eg meiner sjølv at eg er sosial, så difor inviterte eg venner i bygda til eit lag. Det vart nokre kjekke timar med mykje snakk og historier.

I desse dagar er eg åleine i huset så i dag er det ekstra tomt rundt meg sidan kona ikkje er her. Ho er i Bergensområdet og er til hjelp for sonen vår med familie som har eit barn med ein alvorleg sjukdom. Då sit eg her med tankane mine.

Er vi rimeleg klåre i hovudet – har tankane med oss, som det heiter, er det fint å ha nokon å snakke med, dele tankar med, oppleve noko saman.

Det er noko eg må bli flinkare til. Eg må våge å ta kontakt med folk, ta kontakt sjølv – ikkje vente at folk skal kome til meg.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.