«Skam få alle revane raude…..»

Av og til vert harmoni til dissonans, eller glede til skuffelse. Vi skulle ha ansvaret for eit bur med vaktlar, eit par kaniner og fire marsvin i sine respektive bur.

Vi hadde barneborn på besøk, og dei var med då vi hadde første stellet. Vi plukka vaktelegg som låg spreidde inne i buret. Vaktelegga smakar som hønseegg og dei er særs helsesame å ete.

Det kom fleire sommargjestar, små og store, og neste gong det skulle røktast var eg ikkje med, for eg hadde noko arbeid eg måtte få unna. Det hadde gått nesten ein time då det kom ein telefon som endra dagen. Katastrofe i og rundt vaktelburet. Kaos i buret, fem døde inne, og ein utanfor mangla hovud.

Det høyrdest ut som eit terrorangrep. Kven kunne vere så hjartelaus ?

Etter dette kan eg ikkje synge «Pål sine høner» utan å tenkje på vaktlane som møtte lagnaden denne vakre sommardagen på Nes. Eg måtte setje meg rett ned ei stund—

Barneborna tok det betre enn eg frykta. Dei trøysta seg med kaninene og marsvina, men eg tykte livet tok ei sørgjeleg vending.

Såg forresten ein revunge her på garden i dag. No tenkjer eg at ein rev er ein rev. Han kan nok ikkje gjerast moralsk ansvarleg for sine gjerningar.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.