Gammalt nytt

Det er to månader sidan siste blogginnlegg. Lang pause. Sidan då har USA fått ny president.Kan bli skremd av denne figuren og alt han vil gjere . I dag la eg frå meg boka om sekstitalet skriven av Ketil Bjørnstad. Fengslande lesnad. Før eg les om syttitalet, skal eg lese Edvard Hoem si siste bok: «Land ingen har sett». Greitt å ha ein plan. Litt avveksling i kokamaten er også bra.

Kva var så interessant med sekstitalet? Eg hugsar litt frå 40-talet som småbarn. Barndomsminna er for det meste frå 50-talet. Ungdomstida reknar eg frå 1960 til eg vart gift i 1967. Bjørnstad var 8 år då eg var 16. Han skriv om mykje av det som hende desse åra på mange område.  Det slår meg at det er mykje eg ikkje har fått med meg. Slik sett er det lærerikt, sjølvom han er oppteken av område som eg ikkje har hatt særleg greie på. Han vart ein kjend pianist før han var 18 år, men skulegangen hans er ikkje mykje å skryte av.

Kanskje eg skulle skrive ei memoarbok?  Men så spør eg meg om det ville vere interessant for lesarane. Ketil Bjørnstad avslørar eiga utvikling og personlegdom. Veit ikkje om eg hadde greidd å vere så ærleg som eg opplever at han er. Det er nok enklare å skrive ein roman der ein kan bruke stoff frå eige liv og dikte i tillegg.

Trur eg får halde meg til bloggen inntil vidare.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.