Lukt

Luktesansen er viktig. Utan luktesans vert livet fattigare. Det finst mange slag lukter, gode lukter og mindre gode.

I dag tenkjer eg helst på dei gode luktene. Det er dei som kan kallast dufter. Motsett dufter er tev, det vil eg ikkje tenkje på i dag, men tankane er vanskelege å styre.

Mange minner er knytte til lukter. Du kjenner ei lukt og straks hugsar du på noko som hende ein gong eller som hender no og då.

Eg likar godt lukta av friskt tre, ei gran som er felt. Sjølve grantreet har også ei anna lukt, lukta av bar, men eg tenkjer på veden i grana. Sameleis kan eg tenkje på frisk bjørkaved og på andre vedslag som også har ei lukt. Lukta av eine er heilt spesiell. Eg trur ved inneheld eterisk olje som luktesansen vår fangar opp.

Nokre lukter er sterkare enn andre. Eg tenkjer gjerne på dyr som har ei særmerkt lukt. Hest luktar eg lang veg. Sau har også ei særmerkt lukt. Kua luktar også, men når eg tenkjer på ku tenkjer eg helst på det som ikkje luktar så godt, men frisk kumjølk luktar godt.

Luktesansen er viktig også for å hindre uhell og fare. Vi vert varsla om at her er noko som vert svidd, eller her kan det bli ei ulukke viss vi ikkje passar oss. Lukta er eit vern for oss. Men mest tenkjer eg på at lukta fortel om god mat som vert førebudd eller som ligg på fatet og ventar.

Det er godt å vere i lag med menneske som luktar godt, ikkje sterkt, men godt. Vert luktene for sterke, vekkjer det ubehag. Reine, såpevaska menneske luktar godt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.