Gamle uttrykk

Eg får ikkje med meg så mykje av det som er oppe og «væde» når det gjeld ord og uttrykk, kall det gjerne slang. Eg er sein til å ta inn nye uttrykk, eg heng vel for fast i det gamle.

Som dette uttrykket «framsnakking» Endeleg no forstår eg kva som ligg i det. Sylfest Lomheim meiner dette uttrykket var noko av det mest positive som hende i språket i fjor.

Ja, eg hang fast i ei anna forståing av framsnakking. Viss nokon plumpa ut og sa det dei tenkte, kunne vi seie at dei var framsnakkande, eller kanskje til og med uvørne med kva dei sleppte ut av seg. Eg likar godt den nye tydinga og så får vi sjå om folk vert betre.

Eg hugsar andre uttrykket som eg no vegrar meg for å nemne, men dei kan vere krutande gode for det. » Å pisse folk opp etter ryggen» er eit slikt. Det er det same som å smiske eller seie noko for «å fine seg inn med » nokon. Uttrykket er råkande når vi tenkjer på motivet, men det er vel ikkje søndagsprat akkurat.

Eg høyrde uttrykket brukt heime, men elles var foreldra mine varsame med kraftuttrykk. Eg var strengt oppseda når det gjaldt banning t.d. Kan hugse eg hadde vore på besøk hos besteforeldra mine og der hadde eg høyrt eit bannord av bestefar. Eg sa det ved matbordet heime ein dag, men då vart mor sint og eg kraup under bordet for å berge meg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.