Merkedag

Du som les bloggen min, veit at eg stendig luftar tankar om dagar, Det er ikkje så rart, synest no eg for livet er fullt av merkedagar, men dei må leggast merke til.

Dagen i dag er din dag, Solgunn! Fødd for 30 år sidan på ein skikkeleg vinterdag, ja så skikkeleg at faren din ikkje kunne vere med på fødselen, men var heime og passa jobb og dei eldre søskena dine. Mor di overnatta hos Almås fordi vegane var så usikre med all snøen. Det var så mykje snø at eg måtte moke av taket!

Eg hadde likevel førebudd fødselen din på ein særleg måte. Eg hadde laga vogge til deg. Dei eldre søskena dine hadde ikkje vogge, men du skulle ha vogge. No forstår du vel at du var velkomen i flokken? Alle har vore velkomne i gjengen, men ikkje alle fekk vekse opp. Det har vore sårt, men vi har lagt vinn på å glede oss over dokke vi fekk behalde.

I dag skal det feirast i Tromsøgata, og eg skulle gjerne vore der i lag med dokke. Trur eg ville valt solbriller, for å skjule gledestårer. Tenk at Siri storesøster er der i lag med dokke. Då er eg trygg på at de ikkje finn på noko tull. Så kjem det kanskje nokon fråFrysjavegen også.

Lukke til med feiringa!

1 kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.