Bursdag

Ein spesiell bursdag! I dag er eg «ekte» pensjonist til no har det vore AFP. Kva inneber så det? Halv pris på bussen, honnør-billett. Veit ikkje om eg synest så mykje om det. Vi pensjonistar i dag er ikkje fattiglus.Vel, vel vi har no ytt vårt til samfunnet, som det heiter. I dag er det forresten mykje snakk om at pensjonsalderen bør hevast. Akkurat det synest eg heller ikkje så mykje om. Eg synest det er meiningsfullt å gjere noko anna no. Motivasjonen i jobben var etter kvart lik null.

Eg har hatt mange bursdagar og alle har vore gilde. Slike dagar kjenner ein seg omkransa og nesten omsverma. Det likar eg. Så er det alltid ovrraskingar. Tenk at han og ho også hugsar at eg er til!

Kona har kjøpt noko til meg, men ho har gløymt kvar ho la pakken. Eg spurde henne i dag før ho for på arbeid om det er meininga at eg skal bruke dagen på å leite etter denne pakken. Nei, det var ikkje det. Ho kjem seint att i dag, langdag på jobben.

12. januar, midtvintersdag. Ja, det gjev også sine tankar. No går det rette vegen, med vinteren. Jula er definitivt ute av huset. No ventar eg på restleveringa av flis. Så kan eg snart fuge flisene. Det vert ei ny erfaring. Så er det å sende bod på røyrleggar og elektrikar. Eg skal vere den første til å ta ein dusj på det nye badet.

1 kommentar

  1. Ein fantastisk alder til ein einestånde far, ektemann, morfar,svigerfar, svoger, onkel, son,bror, kamerat osv osv. Likandes kar på godt norsk ! Gratulerer med dagen, du fortener all oppmerksomheit ! Gratulerer min lune gode far! God klem

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.