Solsnu

I morgon vert dagen litt lengre. Tvilsamt om det kan merkast. Dag etter dag har det vore klåre morgnar. I dag var det overskya; vi skulle ikkje få sjå månemørkinga her. Pussig at både sola og månen kom slik i fokus i dag.

Sola snur ikkje. Det var før i tida det, no veit vi at det har noko med hellinga på kloten vår å gjere. Det går mot lysare tider, sjølvom det meste av vinteren ligg framfor oss. Slik snakkar pessimisten.

Det gjer i grunnen ikkje noko at det er mørketid. Snøen lyser opp, og når det er fullmåne og klarver er det lyst heile døgeret. Slik snakkar optimisten.

Tre dagar til jul og i dag kjem første julegjestane, sju i talet. Då vert det liv i leiren. Dei to minste må truleg lære meg å kjenne på nytt. Berre dei ikkje skrik når dei ser meg! Nei, eg har ikkje slutta å barbere meg sidan sist. Truleg søv dei minste etter den lange køyreturen frå Oslo.

Eitt gjesterom til skal stellast i stand. Best å få det i orden, klokka har passert ti, og eg har enno ikkje gjort noko det viser særleg att av. Det har eg i meg etter eit arbeidsliv i skulen; vere resultatorientert. Solsnu gjev meg eit kick!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.