Julestemning

Eg har slutta å jakte på julestemninga. Det er ein absurd tanke å tvinge fram ei stemning. Det er ikkje to juler som er heilt like, nett som med livet elles.

Ei julestemning må sjølvsagt vere positiv. Det er ingen som kjem i julestemning når dei tenkjer på vonde ting som har hendt i ei eller anna jul. God julestemning er full klaff i kjenslelivet.

I desse dagar har vi slikt ver som vi hadde i min barndom på femtitalet, snø og kulde! Det stemmer med den plakaten som vi alltid brukte å henge opp når det var jul. Motivet var  vinterlandskap med kanefart etter vegen, gardar og sjølvsagt eit kyrkjespir litt i bakgrunnen. Det gav meg alltid julestemning i barndommen.

Lukta av appelsin minner meg om julefesten på skulehuset. Då fekk vi borna alltid kvar si appelsin av læraren. Det var ikkje flust med appelsiner den gongen.

Lukta av pinnekjøt eller julesteik som vi sa i «gamle dagar,» skaper julestemning. Sidan det er slik, likar eg ikkje å ete julekveldsmat gong etter gong i adventstida. Vi hadde forresten same menyen på nyttårskvelden, men kom likevel ikkje i julestemning.

For meg er julestemninga samansett. Ei stemning skal helst ikkje analyserast. Då vert det som med ei forelsking. Ein analyse her kan føre til at tvilen  melder seg.

Nokon meiner at «Julekveld i skogen» på radio skaper den rette julestemninga. Eg er ikkje avhengig av ein slik parodi for å kome i rettstemning. Då vil eg heller halde fram klokkeringinga på radio før jula set inn. Då er eg oppteken og gjerne litt stressa med å få ferdig julemiddagen.

Eg trur at for meg er det aller viktigast at eg ikkje er åleine på julekvelden. Det teiknar til å bli fullt hus i år!

1 kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.