Kva eg treng

Den fjerde bøna i Fadervår lyder slik: «Gjev oss i dag vårt daglege brød:» Eg trur vi treng å repetere Luthers forklaring til denne bøna. «Vi ber her at Gud kvar dag må gje oss og alle det vi treng, og lære oss å ta imot alt med takk.

Med dagleg brød meiner vi slikt som mat og klede, hus og heim, arbeid og helse, gode grannar og trufaste vener, eit godt styre, rett og fred på jorda.»

I desse dagar får vi ofte spørsmålet: -Kva ynskjer du deg til jul? No er det slik at mine ynskje for livet ikkje knyter seg spesifikt til kva eg ynskjer meg til jul. Er det ikkje slik at vi har konstante ynskje om t.d. god helse og godt grannelag?

Det er eit luksusfenomen at vi skal ynskje oss noko til eit bestemt høve. Nei, lat meg ikkje sjå negativt på dette med å skape overrasking og glede. Men alt med måte.

Nesten dagleg har postmannen eller -dama med seg reklamemateriell som eg overflatisk kikar igjennom. Ein vanleg reaksjon er: Dette treng eg ikkje, eller eg kjenner meg  rik. Kva skal eg med ny datamaskin, flatskjerm, komfyr, mobiltelefon.

Likevel kjenner eg at Den gamle Adam kviskrar noko i bakgrunnen: Du skulle no hatt GPS, IPAD, flatskjerm, varmepumpe……!   Vik frå meg!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.