Istid

Tittelen alluderer til ein populær teiknefilm, eller rettare teiknefilmar sidan det har kome framhald. Istida er no. Brått seig temperaturen til under -10 og vi skriv 10. november. Eg vakna tidleg, i dag som elles. Visste i eit no at eg hadde gløymt noko viktig: doet i Gamlehuset. Fekk på meg kleda i ei viss fart, og i dag drog eg på stillongsen også. Vatnet i doskåla hadde frose. Sidan den gongen krusedoet fraus sundt ein gong på åttitalet, har eg hugsa å slå i frostveske eller tøme vasslåsen. Dette var i grevens tid!

Eg likar ikkje å setje på fleire varmeovnar enn naudsynt sjølvom det i dag vart kjøpt ein til datarommet. No skal eg ikkje fryse underbloggskrivinga.

Held frosten fram nokre dagar til, er det utsikt til at isen er trygg heilt ut på Håvika!

2 kommentarer

  1. Eg meinte ikkje meir med dette enn at det no er tid for frost og skikkeleg vinter med dei konsekvensane det kan ha. Det er ikkje tid for å skremme med fimbulkulde sjølv om det og lurer i stad bak i skallen.

  2. Gratulerer med blogg, Harald! Fjordis brukte å leggje seg også her inst i Hjørundfjorden, har eg fått vite på innflyttarvis. Det var Tussa Kraftstasjon som kurerte (?) fjorden for isen. Tidlegare hadde vatnet kom nedover Tyssefossen som fungerte nesten som ein kjøleinnretning som dei hadde for mjølka på gamle Haukeland meieri. Vatnet var begynt å fryser før det nådde fjorden. Men så kom tunnelen ned til turbinane, og det blir sagt at da vart vatnet faktisk oppvarma! Kva som kjem til å skje med fjordar og folk når Kvivsvegen vert opna, sei det!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.