Tilbake i bingen

Det er greitt og trygt i bingen. Eg veit kvar eg finn mat, kvar bolet er og andre naudsynlege stader. Du synest det høyrest ut som ein stad for gris eller andre firføtte. No ja, katten er her, men ingen andre dyr. Eg reknar meg til manneætta. Ordet binge kan assosierast med eit fengsel. Vert… Fortsett å lese Tilbake i bingen

Nemningar

Det er ein del nemningar som har forsvunne frå språket, og i ein del tilfelle kan det vere berre bra.Når vi i min barndom kalla ei jente for ei fesje eller tausafesje så var det vel ikkje meint så overlag positivt, Kalla du ei kvinne for eit nasegrev var det heller negativt, Det var rett… Fortsett å lese Nemningar

Vy 2

Så vart det Fløyentur likevel, men hjelpe meg for ei ishelle som møtte oss då vi vel hadde passert Skansemyren. Vel, vi kom oss opp vi tre karane og vesle Johanna i vogna. Det hadde vorte litt skumt, men utsikta frå Fløyen er alltid verd ein tur berre det ikkje er skodde. Harald svigerson tok… Fortsett å lese Vy 2

Vy

I dag har eg ei fantastisk utsikt over Vestlandet sin hovudstad, eller byen mellom dei sju fjella. Vi hadde ei fin reise sørover i går. Sidan Geislida var stengd, måtte vi køyre om Kalvatn og Grøndalen. Det har falle mykje snø i høgda i det siste og brøytekantane var meir enn 3 m, trur eg.… Fortsett å lese Vy

Slekt

No er slektsgransking på moten. «Hvem tror du at du er ?» heiter ein programserie på NRK der kjende personar finn ut av slekta si bakover. Før var det berre ein og annan som hadde slektsgransking som eit spesialområde, men no held det på og blir ei farsott. Ganske positivt i utgangspunktet å bli kjend… Fortsett å lese Slekt

Kvivsvegen

Snart er det hol gjennom fjellet til Hornindal. No er det ca 500 m att av den 6,7 km lange tunnelen frå Kalvatn til Grodås. Det vert no berre drive tunnel frå Nordfjordsida. Vegen mellom Kalvatn og Fyrde er no i svært dårleg forfatning med vaskebrett og holer så eg er glad vi slepp å… Fortsett å lese Kvivsvegen

Strupl

Eg har leita fåfengt i ordbøker, men ordet finst ikkje. Tenk det, nok eit ord som har hatt lokal forankring. Det er eit lydmålande ord, eit onomatopoietikon. Det er brukt om å tøyse, søse, fjase, snakke uvøre. Viss nokon seier noko mottakaren synest er berre vrøvl og pølsevev, kanskje skitprat, kjem kommentaren om at dette… Fortsett å lese Strupl

Radioandakten

Eg er ein av dei som får spørjeundersøkingar frå TNS- Gallup. Eitt avspørsmåla på ei slik undersøking gjekk på kva eg syntest om at det er andakt på Nrk. Dei fekk eit positivt svar på det. Kvifor er det så viktig for mange å få vekk alt som smakar av kristendom på radio og TV?… Fortsett å lese Radioandakten

Stemmer

Det finst folk som høyrer stemmer, og det kan vere eit farleg symptom. Men det er ikkje farleg å hugse stemmer og høyre dei inne i seg lenge etter at den som snakka er borte. Eg tenkjer at dette kan vere ein rikdom. Tenk at eg hugsar korleis den og den stemma var. Det som… Fortsett å lese Stemmer

Liv på andre planetar

Det er ein norsk astronom som vert heilt vill og får stjerner i blikket når det dukkar opp nye galaksar og planetar. Eg les om denne satellitten, Kepler,  som har oppdaga eit nytt solsystem som ligg 2000 lysår borte. Dette solsystemet skal visst ha temperaturar som kanskje kan vere leveleleg for organismer. Så tenkjer eg,… Fortsett å lese Liv på andre planetar

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.