Vedhogst før og no

Motorsaga har revolusjonert vedhogsten saman med den hydrauliske vedkløyvaren. Eg trur knapt det er nokon som brukar vanleg sag for å felle eit tre, bortsett frå ein og annan miljøaktivist. Før var det også slik at du måtte drage vedastrangen heim med handemakt eller bruke hest og slede. I dag har traktoren teke over i… Fortsett å lese Vedhogst før og no

Vårteikn II

Eg ventar på Jasegeita. Ho er eit sikkert vårteikn. Dukkar ho ikkje opp ein gong ut i mars, er det teikn på ei økologisk katastrofe. No veit eg at Jasegeita ikkje finst. Dei gamle, foreldregenerasjonen min og lengre bakover snakka om denne Jasegeita, eller Harehukra. Jase er eit anna ord for hare, og geit tyder… Fortsett å lese Vårteikn II

Vårteikn I

Sidan vi i dag skriv 1. mars er det på sin plass å skrive om vårteikn. Sidan eg planlegg fleire bloggar med vårteikn for å fyre oppunder ei gryande vårkjensle, vil eg hefte på romarteikn etterkvart som det skrid fram med bekkesurl og fuglekvitter. Det er både rett og rimeleg og heilt naturleg å gå… Fortsett å lese Vårteikn I

Von dess

«Von dess » er eit uttrykk som berre sunnmøringar brukar. Her er visst fleire tolkingar inklusive Ivar Aasen si «med mulighet til å lykkes». Uttrykket er velplassert etter kombinertgutane sin tredjeplass i stafetten. Det kunne blitt gull, i allfall ut frå utsegnene til ein optimistisk reportar. Von dess, det vart bronse!  Det gjekk ikkje etter… Fortsett å lese Von dess

Rare greier

Det vart stilt i huset. I dag reiste dei alle sju så no er det berre kona og eg pluss den grå skogskatten som labbar på golvet. Ikkje ungeskrik, liv og røre. Rare greier. Fjernsynet har stått på i timevis og eg har sett innspurten til Nortug 6 -7 gonger, så no ser eg det… Fortsett å lese Rare greier

Snø og granskog

Snø og granskog er heimsleg, seier Vesaas i diktet «Snø og granskog». Veit ikkje kvifor eg kom på dette diktet her eine dagen.  Eg kan ikkje seie at granskog er heimsleg. Granskogen er trugande,  han veks nær dyrkamarka. Det veks opp små granbusker overalt der forhaustar, ljå og plenklippar ikkje kjem til. Innimellom er det… Fortsett å lese Snø og granskog

Er vinteren så ille?

Mange grammar seg over vinteren. Det er kaldt. Vatnet frys. Det er farleg å ferdast, kvidesamt å ta ut.  Eg har aldri tykt om denne årstida som varer halve året. Men denne vinteren, endå så mykje kulde vi har hatt, så har eg ikkje kjent trong til å ause ut mi misnøye. Dette seier eg… Fortsett å lese Er vinteren så ille?

Tenk om….

Tenk om det var eg som sat fast  i Libya….. Tenk om det var eg som gjekk på trynet  på sprinten i Holmenkollen….. Tenk om det var eg som køyrde på ei dame i fotgjengarfeltet…. Tenk om det var eg som braut lårhalsen på glattisen….. Tenk om det var eg som miste kontrollen og fika… Fortsett å lese Tenk om….

Juklar

Han Jukle-Pe har vore streng i vinter, og vi har nettopp hatt kaldt ver ei rid. No skal det visst verte mildver, eller læke som vi seier etter gammalt. Ein tur opp på næraste  ås i dag i lag med nokon av næraste slekta, førte til at to av borna måtte ha med seg alt… Fortsett å lese Juklar

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.