Gammaldags vinter

Slik som no var vinteren i gamle dagar. Det knirkar når ein går over tunet, det minner om det vi kan kalle gnallefrost. Eg bergar meg gjennom dagane med å fyre i omnen og gå med ull nærast kroppen. Det vart bråstopp i skogsdrifta.  Ivar oppi skogen sende ei tekstmelding ein dag: » Er du… Fortsett å lese Gammaldags vinter

Skogsarbeid

Det er ymse ein kan gjere ute i koronatida. Ein kan ta med motorsaga og felle ei gran eller fleire. No var det ikkje eg som fann på felle graner no i januar. Det var grannen som visste om at eg ynskte å få bort nokre rotvelta graner. Kanskje dei til og med kan vere… Fortsett å lese Skogsarbeid

Berte Johanne

I dag kom eg over eit avisutklipp, eit minneord om ei av formødrene mine. Berte Johanne var i «gamle dagar» eit mykje brukt namn og det er mange av dei på slektstreet. For meg er det berre ei og ho vart nemnd som Berte Johane. Far fortalde ikkje mykje om slekta si, men han nemnde… Fortsett å lese Berte Johanne

Nytt år

Sidan sist har det vorte eit nytt år. Juletreet er «avblomstra» og ute av huset saman med resten av pynten. Elles har eit nytt år med seg det meste av det som var i gamleåret. Vi dreg med oss hendingar, minner, problemstillingar. I dag har eg passert ein alders minnepåle igjen. Det vart ei heilt… Fortsett å lese Nytt år

Juletrehenting

21. des. Dette hadde familia sett fram til: Å feire jul på Sunndalsfolla. Dagen etter at dei kom, stod juletrehenting på programmet. Farfar og farmor hadde funne nokre bra tre på Kleivane. Det var ein heil ekspedisjon for å hente treet og dei fekk sjølve ta valet av tre. Slik skal det vere. Eg vonar… Fortsett å lese Juletrehenting

Betlehemsstjerna

.20. des. Det har vore ymse teoriar om kva denne stjerna var. Vismennene frå Austerland hadde sett denne stjerna og kom til Jerusalem på den tida Jesus vart fødd. Desse mennene var nok stjernetydarar eller astrologar og dei såg gjerne teikn i stjernene. Den store lyssterke stjerna tydde på at det kunne vere ein konge… Fortsett å lese Betlehemsstjerna

Josef

19. des. I dag skal det handle om Josef, mannen til Maria. Det var ikkje mange i Nasaret som visste korleis det heile hang saman. Utanom Maria og Josef visste nok Elisabeth det og kanskje Johannes Døyparen, sonen til Elisabeth. Josef må ha vore ein ærleg og rettvis mann. Vi les om at han fekk… Fortsett å lese Josef

Nok å tenkje på

18. des. Det har vorte mykje å tenkje på i det siste. Vaknar kvar  natt og ligg vaken før eg endeleg sovnar ei stund før det er på tida å stå opp. No er det vaske, pynte og bakefase i større grad enn før. Til no har det vore berre kos med juleførebuing, men no… Fortsett å lese Nok å tenkje på

Minne frå Egyptens land

17. des. Vi hugsar at etter at Jesusbarnet fekk besøk av vismennene få Austerland kom ein Herrens engel til Josef og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leite etter barnet og vil drepa det.» Han stod… Fortsett å lese Minne frå Egyptens land

Komfyren

16. des, Eg er så gammal at eg hugsar tida då maten vart kokt på ein vedomn, ja, endå til brød vart steikte der. Kan minnast at ein måtte følgje litt godt med på prosessen så ikkje brøda vart svartbrende. Hende det likevel at dei vart svidne, måtte vi ete skivene og med den trøysta… Fortsett å lese Komfyren

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.