Kurri, kurri !

Min barndom var full av dyr. Sauen vart gjerne kalla kurrebæ på barnespråket. Kurr var eit anna namn på sauen og brukt som kallenamn når  sauen eller saueflokken skulle lokkast på. Då ropte ein «Kurri, kurri !» med si blidaste stemme. Mor brukte å rope på kyrne eller krøtera når dei var ute og dei skulle kome for å bli mjølka. Då vart det ropt: «Kyra, kyra, kom no kyra, kom no lulene!» Det med lulene har eg aldri forstått. » Kom no, stakkarane!» vart det også ropt. Det var lokking og ikkje kommando.

Ville dyr treng du ikkje prøve deg på å kalle på, eller rope vennleg til. For ei veke sidan var eg på ein fjelltur i lag med tre barneborn pluss kona og mor til borna. Komne opp om skoggrensa,  registrerte eg harelort i mosen og rett etter bykste ein hare oppover rabbane og knausane. Ungane sette i å rope «Hare!»  Jasen sprang sjølvsagt endå snøggare. Det hadde heller ikkje fungert om ein ropte noko anna.

No er det mange dagar sidan  den store haren synte seg her. Forstod at det var fleire som hadde sett ein hare i bygda. Det vert også delt på facebook. og det kjem fram at harekjøt er veldig godt. Då vert eg lei meg.

 

Annonser

Harens år

Dette er ikkje eit normalår. Tørke i Nord-Europa. Krisestemning i norsk landbruk. I kveld regnar det her, men andre stader er det knusktørt. Skogbrannar herjar i Sverige og andre land. Her på berget er vi ikkje vane med slik tørke, slik varme, så mykje finever nesten samanhengande sidan slutten av mai.

Men det er også harens år. Han synte seg for meg grytidleg ein morgon som eg visstnok har nemnt. Sidan har han vist seg fram i nærleiken av huset fleire gonger på dagtid. Her er det framleis grønt gras og difor kjem han att. For meg er det difor harens år. «Lat haren leve», tenkjer eg. «Må han finne mat, nattely og bli berga frå harepest og revar.»

«Ingen veit kvar haren hoppar»,  heiter det visst.  Kom på ei regle som stod i min barndoms lesebok:

Ein maur og ein staur og ein hare

skulle over ein bekk fare

-Eg maurar meg over, sa mauren.

-Eg staurar meg over , sa stauren.

Men kva med den tredje, ein hare? Klyp han i skinnet og lat han fare!

 

 

Annonser

Sverdliljer

Her er det mange sverdliljer med livskraftige røter. Kor lenge dei har vore her veit ingen. Det er ei plante som veks vilt og finst i kyststroka og er visstnok ei sumpplante. Vi kan vel ikkje seie at det er ein sump her ved vedhuset, men ein gong stod her eit utedo som eit tilbygg til vedhuset. Doet vart rive på syttitalet.

Blada på sverdlilja kan bli over ein meter lange og liknar på eit tveeggja sverd. Som mange andre liljevokstrar er ho giftig. Gifta er nok særleg i rotstokken. I desse dagar er det vakre gule blomar på plantene til glede for oss som bur her.

 

 

 

 

 

 

Annonser

Den brennande tornebuska

I dag er det 1. pinsedag, den kristne kyrkja sin fødselsdag. Vi minnest det som hende då Anden vart utrend, om den veldige duren som av ein storm, eldtungene som sette seg på kvar av dei som var i rommet.

I natt, eller kanskje det var grytidleg morgon, låg eg vaken, og då kom eg på ei anna hending i Bibelen. Moses gjette småfeet til svigerfaren  då det skjedde  noko merkeleg: Ei tornebuske som brann og ikkje brann opp. Så tala ein engel ut av tornebuska.

Det er noko som liknar her. Eg ser det som manifestasjonar av Anden. Du kan sjølv lese kva som hende med Moses vidare. Apostlane tala i framande språk for alle som vart vitne til hendinga. Det førte til at 3000 tok i mot Jesus og vart døypte denne dagen.

Anden gjer sitt verk også i dag. Utan Anden er det ikkje ei kristen kyrkje.

Matauk

Vi bur midt i matfatet. Finn du ikkje på middag ein dag så er det berre å gå ut og meske seg med engkarse. Visste ikkje at planta var etande og slett ikkje at ho smakar godt. Til no har eg trudd at surgras var det einaste ein kunne beite på. Jau, sjølvsagt veit eg at brennesle er ei delikatesse i salaten, men eg er ikkje fortruleg med den planta. Skvallerkål skal også vere godt seiest det. Kvifor heiter det skvallerkål, forresten.

Viss folk trur at det er hungersnaud på Sunndalsfolla, så er det «fake news». Derimot er det heilt sant at eg var ute og beita litt på den halvveges fiolette bøen sjølv om eg nett har ete både karbonade og boknasild.

God syttande mai!

Dagens «duatlon»

Ved frukosten i dag fekk eg det vanlege spørsmålet frå min betre halvdel: «Kva plan har du for dagen? Vert det sykling, biltur evt. m. innlagt sykling, fottur til fjells eller på vegen, eller kanskje tur med båten?»

Etter ein halv time hadde eg eit framlegg som straks vart akseptert: Sykkeltur! Sidan dette vart første sykkelturen i år, vart det litt førebuing, men  etter nok ein halvtime rulla vi mot mi gamle heimegrend. Kort pause på Kalvatn der bror og svigerinne var så nedsylta i forkjøling at det var best å sykle vidare mot Bueide.  Å seie at veret  var strålande, er sjølvsagt ein klisje, varmt og godt med bris frå aust. Komne til Bueide reiste spørsmålet seg: Vidare ferd mot Hjørundfjorden eller retur? Dagens sjef hadde eit framlegg klart: Vi går vegen opp til Kvivssetra! Ingen protest frå den gode halvdel og dermed vart det labbing opp bakkane.

Eg hadde eit ønskje om å posere på den gamle steinbrua, eit minne om mine fordums setreturar til Kvivssetra. Den gamle seterråsa frå Nøre Kalvatn er nok attgrodd.

Turen gjekk sjølvsagt vidare til støylen der vi helsa på ein saueflokk  før vi hadde ein enkel lunsj. Sjå der kom bonden på Bueide på søndagstur til støylen saman med ei venninne. Borte i Stongabakkane gol gauken. Etter litt prat om laust og fast, tog vi fatt på returen. Fleire lemenlik på vegen. Lemenår?

Neste stopp var Månaneset der eit hus er under bygging og snart innflyttingsklart. Kjempebra å få meir folk i grenda her. Magne og kona som bur i Sykkylven, har hytte like ved. Vi vart inviterte dit og fekk kaffi og kaker på verandaen. Kjekt også å få sjå innandørs.

Så rulla vi, sveitte og nøgde med dagen, heim til Sunndalsfolla.

Gauken er her

Først nokre ko-ko i sør, så i vest. Viss det har noko å seie. Han er i alle fall komen til bygda igjen og er gjerne i ferd med å leite etter reir å legge egg i. Eg let meg ikkje hisse opp over dei som meiner at gauken er umoralsk som let mindre fuglar ta strevet med å ruge ut avkomet hans.
Gaukegalet er eit sikkert vårteikn, det høyrer bygda til. Det er vår gauk som gjel våren og sommaren inn. I dag lurer eg på om det finst gaukar i Oslo. Kan ein høyre ko-ko på Karl Johan, i Slottsparken eller Sofienbergparken?
I dag er eg glad for at eg høyrer lyden av gauk. Du veit at småfuglane si kvitring høyrer ein mindre av når ein kjem opp i åra.
Vi har hatt nokre makelause vårdagar no med varme, sprettande lauv og groande gras. Ko-ko, ko-ko!

Markmus

Det hadde gjort seg med eit illustrasjonsfoto av ei markmus, men å ha kameraet klart når det dukkar opp eit individ, er ikkje enkelt. Dessutan er ho ganske rask når ho pilar over plenen eller langs husveggen. Sist haust måtte eg seje opp musfelle på loftet sidan det var tydeleg det var mus som romsterte i vegg og tak. Det blei fangst, nesten dagleg og det var to typer mus. Det var den vanlege skogmusa med lang hale, grå på ryggen og lys under. Den andre sorten hadde kort hale og meir brunleg på ryggen.
Eg har lurt på om det kunne vere vånd som har herja på plenen og på markane elles, men eg har sett mange eksemplar, og dei er for små til å vere vånd eller jordrotter. Det har vore lite snø i vinter og markmusa har laga gangar i grastorva og her og der runde hol i marka.
Vi har ein gyvel som er gråsvart og ser heilt død ut og i dag såg eg at markmusa har gnege av borken nedst på planta.
Har sett opp musfelle ute. men det har ikkje ført til fangst. Plenslåtten er i gang og det ser ut til at dei grå partia litt etter litt vert reparerte. Elles har eg gjort tiltak der eg har hatt mistanke om kvar musa kan finne hol for å kome seg inn i huset.

Harepus

Det vert gjerne ein tur opp om natta. Då tek eg ofte ei lita runde og kikar ut. Kanskje er det ein eller fleire hjortar på markane, men i dag i firetida var det ingen å sjå. Men kva var nedanfor leikehytta? Fram med kikkerten. Ein stor hare i sommarpelsen. Her hadde han funne noko godt gras!
Eg fann vegen til senga att med gode tankar for harepusen. Vonar han bergar seg for reven.
Vart liggande og minnast noko, og det var ikkje så triveleg. Nokre i grenda sette utnamn på meg då eg var i tidlege barneår. Harepus, vart eg kalla og det lika eg dårleg? Eg gjorde meg tankar om kvifor dei kalla meg det. Var det fordi eg var litt redd av meg? Ein reddhare? Ungar kan vere hjartelause. Å setje utnamn på folk er mobbing. Eg snakka aldri med foreldra mine om kallinga. Ordet «mobbing» var kanskje ikkje brukt på 50- talet, men mobbing og plaging har det vore til alle tider.

Stagnasjon eller framgang

Eg har kome til eit stadium i mitt studium der det store spørsmålet er: Kva no?
Det er mykje som er kome på plass i dette omfangsrike slektstreet. Det har vore intens jobbing i to og eit halvt år. Mange kveldar har gått med, og no er eg visst komen til dette berømte platået.
Då eg fann ut at denne broren til oldefar har nolevande etterkomarar, for lufta litt ut av ballongen. Tenk at dette delmålet var så viktig!
Alle desse treffa etter DNA-testen skulle vere ein inspirasjon til vidare innsats for å utvide kjennskapen til slekta. Til no over 2600 eg er mykje eller lite i slekt med, men som eg likevel har vanskar med å plassere. Så har eg hatt kontakt med nokre utan at eg har møtt den store interessa, bortsett frå eitt tilfelle. Det kan sjå ut til at ein del personar har teke test utan å ha den heilt store trongen til å finne nye slektningar.
Ein kvalitetstest av treet syner at her er uhorveleg mange feil som eg aldri i mi levetid vil greie å rette opp. Her er barn som er fødde før foreldra sine. Det er ei nesten umogleg oppgåve å få vekk alle feila. Det enklaste er «å slå fast at folk som er fleire hundre år gamle, er døde», men kva tid dei sovna inn, er det vanskeleg å finne svaret på.
Eg har ikkje lett for å gje opp noko eg har sett i gong, så eg kjem nok til å grave vidare. Neste blogg skal handle om noko heilt anna. Trur eg!